Tonane i meg grip songen

Olaf Halstensen vaks opp i Bekkjarvik. I vaksen alder budde han i Lindås kommune, men banda til Austevoll og Bekkjarvik var sterke. Han var ofte i heimkommunen. Han skreiv på nynorsk og henta særleg inspirasjon frå naturen og havet. Fleire av dikta sende han til Marsteinen. Ein del vil difor kjenne dikta hans derifrå. Han gjekk bort hausten 2023, og dikta hans er no samla i ei diktsamling “Tonane i meg grip songen”. Dottera Charlotte Klippenberg har sett saman dikta og redigert boka.

Kategorier: 
Boktips