Bli med på Sommarles!

Frå 1. juni kan alle 1. – 7.-klassingar i Austevoll vera med på Sommarles saman med barn frå heile Noreg. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 164.000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

I fjor satte Austevoll ny rekord for deltaking og lesing, kanskje me kan slå rekorden i år?

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
  • Sommarles.no er for barn i 1. – 7. klasse og  varer fra 1. juni til 31. august.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
  • I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket. I år har me vakre steinar, mineralar og fossilar på biblioteket.

Det vert Sommarlesfest fredag 1. sept på Austevoll folkebibliotek

Kule premiar:

Level 10: Armband

Armband Sommarles

Level 20: Sendebrett eller magnetisk bokmerke

Magnetisk bokmerke til Sommarles
Sendebrett Sommarles

Level 30: Smykkestein i bur

Level 40: Krystallar og mineralar i boks

Krystallar og steinar til Sommarles i boksar

Level 50: 380 millionar år gammalt fossil av ein trilobitt!

Fossil av ein trilobitt til Sommarles

Sjå meir på Sommarles.no