Digitale tenester

Filmoteket
Austevoll folkebibliotek tilbyr strøyming av kvalitetsfilmar gjennom tenesta Filmoteket.
Filmen kan sjåast på PC, Mac, nettbrett og smarttelefonar på Windows, iOS og Android og i alle kjente nettlesarar. Filmen kan og enkelt overførast til større skjerm, til dømes TV via AirPlay og Chromecast. Filmtilbodet er tilgjengeleg når som helst og kvar som helst.

Filmbib
Sjå gratis film på nettet!
Filmbib lar deg låne norske kort- og dokumentarfilmar frå biblioteka i Noreg. Logg inn med Nasjonalt Lånekort og PIN-kode utstedt av biblioteket.
Om du manglar lånekort eller PIN-kode, eller har problem med innlogginga, må du ta kontakt med biblioteket.

BookBites
BookBites gjer det enkelt å låna e-bøker og lydbøker gratis frå biblioteket.
Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket.
Stikk innom oss om du manglar lånekort.

PressReader
Les nye aviser og tidsskrift frå heile verda i komplett digital utgåve. Du kan lese på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin.
Når du bruker biblioteket sitt nettverk kjem du rett inn i tenesta. Du kan òg laste ned aviser og tidsskrift i inntil 72 timar etter at du har vore logga på PressReader i biblioteket.

Lesekroken.no
Lesekroken.no – eventyr på ditt og mitt språk. 120 eventyr, barnesangar, e-læring, karaoke, spel og mykje meir. Publikumspassordet vårt er: Folkelesning

Nettbiblioteket
I nettbiblioteket finn du materiale Nasjonalbiblioteket har digitalisert og tilgjengeleggjort, m.a. mengder av bøker, tidsskrift, aviser og bilete.
Noko av materialet er berre tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon, les meir under «Utvida tilgang».

Leser søker bok
Leser søker bok jobbar for at alle skal ha tilgang på bøker på sitt lesenivå. Her finn du «Boksøk», som er ei søketeneste for å finna bøker som er tilpassa for ulik grad av lesenivå.

Sunnbibpodden
Sunnbibpodden er ei podcast for alle biblioteka i Sunnhordland.
«Heim til Sunnhordlandslitteraturen» er ei podkastserie på 7 episodar. Høyr forfattarar frå Sunnhordaland snakka om heimstad og litteratur.

Verdensbiblioteket
Verdensbiblioteket innheld e-bøker og e-lydbøker på fleire språk