Takk og pris!

Å få Barne- og ungdomsbibliotekprisen var fantastisk. Tusen takk for alle gratulasjonar; det er overveldande.

I konkurranse med andre gode barne- og ungdomsbibliotek, som dei nominerte Horten bibliotek, Fjell bibliotek, Sølvberget bibliotek og Bergen Offentlige bibliotek, var det Austevoll folkebibliotek som gjekk av med sigeren 25. oktober. Det hadde vi ikkje trudd, men det gjer oss stolte, audmjuke og motiverte til å fortsetta arbeidet. Det forpliktar. Så kva no? Først må dei som skal ha ære for prisen, takkast:

Takk til kommunen som har satsa på barn og unge: Folk i Austevoll er heldige som har ein kommune med tilsette og politikarar som ser verdien i å satsa på barn og unge. Det er det langt frå alle kommunar som har. I 2022 tilsette kommunen ein eigen barne- og ungdomsbibliotekar. Det har gitt resultat. Kommunen starta i fjor ei satsing på skulebibliotek og leselyst, og mange andre kommunar ser no til Austevoll for satsing på skulebibliotek, sjølv om vi ikkje er i mål. Saman kjem me til å få leselysten og lesedugleiken tilbake på øyene våre.

Takk til alle me har samarbeida med for barn og unge: Takk til Austevoll frivilligsentral og dei tilsette på Selbjørn skule, Storebø skule, Austevoll ungdomsskule, helsestasjonen, Bekkjarvik torg/eiendom og i Bekkjarvik maritime barnehage. Saman gir me barn og unge leseglede og lesedugleik, kulturopplevingar og gode stader å vera for barn og unge. Og meir samarbeid og fleire partnarar skal det bli.

Takk til Vestland fylkeskommune ved eining for bibliotekutvikling: Dei gode bibliotekfaglege råda, samlingane, seminara og støtta frå Bibliotekutvikling er til stor hjelp. Det har mellom anna sikra at vi har ein god plan for dei neste fem åra.

Takk til brukarane: Sjølvsagt takk til brukarane våre, alle barn og unge og dei av dykk som har nominert oss til denne prisen. Det er de biblioteket er til for.

Og sist, men ikkje minst, takk til Norsk Bibliotekforening Barn og Unge, juryen med forfatter Monika Steinholm, Troels Posselt fra Foreningen!les og Caroline Louise Gabrielsen frå NBF Barn og Unge. Takk for at de ser dei små biblioteka, som trass i færre tilsette og mindre ressursar klarar å skapa gode tilbod til barn og unge i små kommunar. Det er ei stor ære, og dei 15.000 kronane skal brukast til å skapa eit enno betre tilbod til målgruppa.

Prisen er ei skikkeleg oppmuntring, men gir ikkje grunn til å kvila på laurbæra. Vi vil meir:

Halde fram med satsing på skulebibliotek: Vi jobbar for å få til ei utbygging og opprusting av biblioteket på ungdomsskulen, med meirope og bemanna opning etter skuletid. Om vi får det til, kan det gje barn- og unge i Storebø-området eit minst like godt tilbod som barn og unge i Bekkjarvik, og det vil gi elevane på ungdomsskulen eit betre skulebibliotek. Folkebiblioteket vil halde fram med å hjelpa alle skulane til å bli enno flinkare til lesestimulering og litteraturformidling.
Nok ny og aktuell litteratur på skulebiblioteka: Om vi vil at barn og unge skal lesa, må dei ha noko å lesa. Folkebiblioteket vil jobba for å få meir ny og aktuell litteratur på skulebiblioteka. Og det må vera nok av dei populære bøkene til alle. Det må satsast på innkjøp av litteratur frå vår tid, med form og innhald som treff barn og unge i dag. Og me må satsa spesielt på gutane. Det er dei som les minst.
Satsing på dei minste og heimane: Folkebiblioteket har i dag eit godt samarbeid med Bekkjarvik maritime. Vi har formidling av litteratur for dei minste i folkebiblioteket og i barnehagen. Det er tøyposebibliotek som gjer at foreldra kan ta med seg heim ei pose med bøker når dei hentar ungane i barnehagen. Dette vil vi ha ut til dei andre barnehagane òg. Og så vil vi hjelpa foreldra, sånn at ingen barn i Austevoll begynner på skulen utan at dei har blitt lese for jamnleg. Og vi skal hjelpa heimane med å legga til rette for lesing heime heile grunnskulen. Samarbeidet med helsestasjonen skal styrkast, så barn og heim tidleg kjem i gong med leselyst og får kjennskap til folkebiblioteket.
Fleire gode og inkluderande opplevingar for barn og unge i biblioteket: Vi vil ha fleire verkstader for barn og unge, som til dømes kurs i koding og 3D-modellering og -printing, podkast, videoproduksjon. Og vi vil satsa på kunst- og handverk, berekraft og kystkultur for barn og unge. Bergen offentlege bibliotek er inspirerande med Bærekraftlaben. Kan vi få til noko slikt i Austevoll? Folkebiblioteket vil ha fleire gode bibliotekstundar for barnefamiliar, som “bok og bolle”, som andre gode bibliotek har. Meir leik og moro, som brettspel og dataspel. Vi vil satsa på fleire forfattarbesøk, med både skjønn- og faglitteratur.

Elles held folkebiblioteket fram med det vi synest er gode på og ser lyst på framtida for barn, unge og bibliotek i Austevoll! Og vi tek gjerne imot gode forslag til kva vi skal bruka premiepengane (15.000 kr) våre på 🙂