For andre år på rad vann denne Austevoll-gjengen beste bygg i Vestland. Blir det heile Noreg neste gong?
Bibliobattles, ein nasjonal byggekonkurranse for norske folkebibliotek i spelet Minecraft. Det vert arrangert av organisasjonen Bibliogames, og årets utgåve var den femte i rekka. I 2022 var Max Dylan Jones Storebø, Melissa B. Aspevik og Anders Østervold best i Austevoll med sin versjon av byen «Mondstadt» frå spelet Genshin Impact. I fjor var dei best i Vestland med sin versjon av slottet i Studio Ghibli-filmen «Det levande slottet», då med Pia Cecilie Guzman på laget. I år var temaet «Verdsrommet». Gjengen bygga romskipet «The Skeld» frå det populære spelet Among Us, og med det danka dei ut dei andre bygga frå Vestland. Romskipet er det mest kjende kartet i Among Us og finn stad om bord på eit romskip der spelarane må utføra oppgåver medan dei prøver å finna ut kven som er «imposter».
Romskip: Kartet The Skeld frå Among Us.
Meisterbyggarar: Slik så dei ut då dei vann i fjor. Frå venstre: Anders Østervold, Pia Cecilie Guzman, Melissa B. Aspevik og Max Dylan Jones Storebø. Pia var ikkje med i år.
Trofé: Her er trofeet frå i fjor. No ventar vi på det nye som skal stå på utstilling i folkebiblioteket.
2023: Bygget dei vann Vestland med i fjor, «Det levande slottet» frå Studio Ghibli-filmen med same namn.