Austevoll folkebibliotek har i samarbeid med bibliotekarar og skulebibliotekarar i Bømlo, Fitjar, Sogndal, Solund, Sunnfjord og Sveio utarbeida «Skulebibliotekplakaten», som er eit «svanemerke» for gode skulebibliotek. No vil folkebiblioteket jobba for at Austevoll skal slutta seg til plakaten.
Skulebibliotekplakaten er utforma av bibliotek- og skulebibliotektilsette i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Sogndal, Solund, Sveio og Sunnfjord, med bibliotekfagleg rådgjeving frå Vestland fylkeskommune ved eining for bibliotekutvikling. Plakaten vart presentert av Ketil Reigstad, barne- og ungdomsbibliotekar i Austevoll, på konferanse i Bergen 30. oktober (biletet øverst).
Det er utvikla ein rettleiar til plakaten som kan lastast ned her.
Målet er at skulebibliotekplakaten skal vere eit hjelpeverktøy for å sikre ei minimumssatsing på skulebibliotek i kommunane som sluttar seg til plakaten. Plakaten blir politisk vedteke i dei kommunane som ynskjer å slutte seg til. Kommunane forpliktar seg då til å jobbe mot å oppfylle punkta i plakaten. Plakaten vil fungere som ei målsetjing, og konkrete tiltak for å nå dette målet kan tilpassast stoda og tilhøva i den einskilde kommune.
Samarbeidet om skulebibliotekplakaten kom ut av Bibliotekdagane 2023, med tema biblioteksamarbeid, i regi av Vestland fylkeskommune ved eining for bibliotekutvikling. Bibliotekdagane resulterte i fleire arbeidsgrupper, kvar sentrerte kring særskilte tema. Denne gruppa samlast kring eit ynskje om å forbetre skulebiblioteka i sine kommunar, og hadde mål om å jobbe fram ein skulebibliotekstandard for Vestland. I løpet av dagane i Balestrand vart arbeidsgruppa si målsetjing konsentrert ned til ein skulebibliotekplakat. Ein standard for minimumskrav for skulebibliotek, eit sett med punkt som fungerer som eit hjelpemiddel for å starte satsinga på skulebiblioteka i eigen kommune.
Første utkast vart presentert på seminar i Bergen 15. februar 2024. Utkastet vart omarbeidd etter innspel frå deltakarane, som besto av representantar frå skule- og oppvekstsektoren i dei sju kommunane og fylkeskommunen.
Kvifor ein skulebibliotekplakat?
• LÆRING. Lesing er all læring si mor. God leseevne og -forståing påverkar barna sine resultat i alle fag og kan knytast til alle punkt i læreplanverkets overordna del.
• DEMOKRATI. Gode leseferdigheiter er grunnleggjande for at barn skal vekse opp til å vere gode og aktive deltakarar i eit demokratisk samfunn.
• HELSE. Forsking visar at lesing styrker barna sine kognitive evner, fysiske og mentale helse, og bidreg til å auke emosjonell intelligens, sjølvregulering og utviklinga av kritisk tenking og refleksjon.
• SOSIAL UTJAMNING. God leseopplæring og lesing i skule og barnehage bidreg til å utjamne sosiale ulikskapar. Tidleg start og innsats er særskilt viktig, då barndommen er grunnlaget for livslange vanar. Oppsummert har det å lese betydning for folkehelse
og livsmestring.
Leselyststrategien frå 2024 understrekar kor viktig lesinga er i barns læring og utvikling og syner Regjeringa si satsing på lesing og leseopplæring frå tidleg alder. Strategien legg stor vekt på skulebiblioteket si rolle. Opplæringslova og forskrift til denne syner begge at skulebibliotek er lovfesta, og legg føringar for kommunane. Utvida nasjonal bibliotekstrategi frå 2024 fokuserer blant anna på å styrke arbeidet med lesestimulering, samt auke og styrke samarbeidet mellom ulike bibliotek; til dømes folke- og skulebibliotek.
Saman syner dette viktigheita av å starte tidleg og bygge samarbeidstrukturar og støttande nettverk kring barna og litteraturen. Dei vaksne kring barna har ulike tilnærmingar: bibliotek, barnehage, skule, helsevesen, foreldre – alle har ulike kunnskapstradisjonar og ulike vinklingar på utfordringar og moglegheiter.
Men alle har same mål: å skape leselyst og lesemotivasjon med dei unge for å gje dei best mogleg utgangspunkt i livet.