The Secret History
- Forfattar:
- Donna Tartt
The Secret History er forteljinga om Richard, som startar på Hampden College og blir med i ei eksklusiv, lukka gruppe som lærer gammalgresk. Han endar opp med å bli delaktig i eit mord på klassekameraten Bunny. Drapet på Bunny vert kjent allereie på første side, men alt som leier fram til det – og etterspelet – vert skildra over 600 sider.
Sjølv om handlinga i boka skal vere ein gong på 1980-talet, er stilen klassisk, som hos Brontë-systrene. Denne blandinga av det moderne og det gamaldagse er ein tydeleg kvalitet ved boka. The Secret History har noko Harry Pottersk over seg – berre med vaksen tematikk og utan all magien. Men er du som eg, og likte best når Harry og venene hans berre hang rundt på skulen, er dette boka for deg.
Tilrådinga er skriven av Odd Harald på Austevoll folkebibliotek