Høyrer du på lydbøker eller les du e-bøker? No skjer det noko nytt. BookBites blir til Biblio. Og du treng ikkje venta – du kan lasta ned og prøva den nye appen allereie i dag.
Appen finst både i Google Play og App store.
Biblioteket – rett i lomma
Med Biblio har du biblioteket med deg overalt. På bussen, i sofaen, i båten på veg mellom øyane.
Du kan:
- låna e-bøker og lydbøker gratis
- lesa eller lytta når det passar deg
- bruka same lånekort som før
Alt fungerer stort sett slik du er van med – berre i ein ny og oppdatert app.
Kva skjer med BookBites?
BookBites kjem etter kvart til å bli erstatta av Biblio.
Difor er dette eit fint tidspunkt å prøva den nye løysinga.
Tenk på det som ei stille flytting: bøkene er dei same – dei har berre fått nye hyller.
Slik kjem du i gang
- Last ned Biblio frå App Store eller Google Play
- Logg inn med lånekortet ditt
- Finn ei bok og start å lesa eller lytta
Treng du hjelp?
Stikk innom oss på biblioteket, så hjelper vi deg i gang. Vi kan visa deg appen, hjelpa deg å logga inn – og finna noko kjekt å lesa på.
Det har aldri vore lettare å ha med seg ei god bok frå biblioteket – uansett kvar du er i AustevolL


