
Bokbad: «Hvit makt», Ketil Raknes
USA sin 47. president er på plass i Det kvite hus. Kva no?
Få tør spå kva som vil skje dei neste fire åra med Donald Trump som verdas mektigaste mann. Det var heller ikkje mange som spådde at amerikanarane skulle velje han for andre gong.
Ketil Raknes (50) frå Osterøy var til stades ved innsettinga av Barack Obama i 2009 – full av optimisme for «den skinande byen på høgda». No er USA-eksperten – klok av skade – meir varsam med krystallkula. I arbeidet med boka «Hvit makt: USAs rasistiske historie» (2024) såg han tilbake for å betre forstå korleis USA kunne velje ein president som Raknes med fleire meiner er både rasistisk og antidemokratisk.
Raknes har doktorgrad i medievitskap frå Georgetown University i Washington DC og Universitetet i Oslo. Til dagleg er han instituttleiar på høgskulen Kristiania. Han har tidlegare gjeve ut bøkene «Høyrepopulismens hemmeligheter» (2012) og «Jakta på makta – 12 råd for effektiv påvirkning» (2018), den siste saman med Bård Vegar Solhjell.
På laurdag kjem Raknes til folkebiblioteket for ei samtale om «Kvit makt», ei rystande reise gjennom dei mørkare kapitla i landet si historie. Bibliotekar Ketil Reigstad vil leia samtalen. Boka kan lånast på biblioteket, eller om du vil ha di eiga kan ho kjøpast på laurdag av forfattaren.
Følg arrangementet direkte på YouTube-kanalen vår: https://youtu.be/1mPvRDM0tWM