Forfattarsamtale: Helga Flatland og Mikkel Bugge

Dato

Tid

Stad

Austevoll folkebibliotek

Kva skjer når byjenta Mathilde får nok av Oslo og rømmer til landsbygda på jakt etter det ekte og autentiske livet?

 

På kvar sin kant føler Mathilde og Johs seg einsame, ute av kontakt med verda. Det er starten på pandemien og Norge stenger ned. Lærarvikaren Mathilde dreg frå si tronge leilegheit i storbyen og det havarerte forholdet til sin 18 år gamle elev, Jakob. Ho leiger seg eit hus på bygda og startar jakta på det autentiske, dei “ekte verdiene”. Johs driv gard saman med broren, og gjev timar i hardingfele. Brødreparet bestemmer seg for å leige ut huset der bestefaren budde, og det er Mathilde som blir leigetakaren. Gjev livet på landet og brødreparet det Mathilde ynskjer seg?

I Helga Flatland sin nyaste roman, ‘Etterklang’, returnerer både ho og hovudpersonen til bygda i Telemark. Få skriv så truverdig om mellommenneskelege relasjonar som Flatland. Med imponerande nøyaktigheit utforskar ho kjærleikssamanhengar, tilhøve mellom mor og barn, og det å leve i skuggen av kjende foreldre og besteforeldre. Det er både gjenkjenneleg og gripande.

Helga Flatland er ein av våre mest anerkjente samtidsforfattarar. For debutromanen ‘Bli hvis du kan. Reis hvis du må’ vann ho Tarjei Vesaas’ debutantpris, Ungdommens kritikerpris og P2-lytternes romanpris. Ho har seinare vunne både Bokhandlerprisen og Amalie Skram-prisen. ‘Etterklang’ er Flatlands sjuande roman. Her møtes gamle slåttesoger Steinbecks ‘Øst for Eden’.

 

Helga Flatland blir intervjua av forfattar Mikkel Bugge. Gratis adgang.