
Korleis reknar ein datamaskin? – Eit glimt inn i den digitale verda
Biblioteket får besøk av Per Eilif Thorvaldsen som er førsteamanuensis i kommunikasjonssystemer. Han vil ha eit føredrag der han fortel om enkelt om data med bakgrunn i ein oppfinning frå 1930-talet. Thorvaldsen skriv jamnleg i Dag og TId i spalta Teknologi.
I 1936 skreiv ungguten Claude Shannon si masteroppgåve om korleis ein kunne bruka elektriske rele på betre vis i telefonsentralar. For å få det til, nytta han matematisk logikk. På slutten av oppgåva mora han seg med å laga ein enkel elektrisk kalkulator. Claude Shannon sitt design er grunnlaget for all digitalteknikk og du finn det i datamaskiner, mobiltelefonar og elektriske kalkulatorar. Me skal saman studera Claude sitt design og laga både ein fysisk og elektrisk modell av kalkulatoren.
Arrangementet er opent for alle og gratis.
I samarbeid med Seniornett Austevoll og med tilskot frå The Europe Challenge
Se mindre