«Kvinna ved havet»

Dato

Tid

Stad

Austevoll folkebibliotek
«I biletspelet Kvinna ved havet får du møta ei av våre staute formødre, Synneva Hevrøy (f. 1920) frå Austevoll i Hordaland. Ho fortel levande og nært om barndom, oppvekst og om livet som fiskarkone ute på øyane ved havet, eit liv heilt avhengig av sjøen og båten. Ho og søstera gifta seg med to brør ute på Fugløy, heilt vest i havet i Austevoll. Utan elektrisitet og telefon, og første tida utan motorbåt, budde dei der ute, dreiv gard og heimefiske, og tok seg av alt som skulle gjerast medan karane var av garde på fiske månadsvis i gongen.
Historia hennar fortel om korleis livet var for mange kvinner langs norskekysten.»
Hardanger Fartøyvernsenter kjem med filmen Kvinna ved havet. Introduksjon om 1950-åra i Austevoll av Unni Dyrdal.
Gratis for medlemmar av Austevoll senioruniversitet
100 kr utan medlemskap
Arr. Senioruniversitetet i Austevoll