Pokémon Battle Academy

Lær å spela Pokémon-kortspel!

Dato

Tid

Stad

Austevoll folkebibliotek

Mange har Pokémon-kort, men ikkje alle veit korleis dei skal spela med dei. – Det er eit veldig morosamt spel, nesten som å spela sjakk med 60 brikkar, seier barne- og ungdomsbibliotekar Ketil Reigstad, som har vore med i norgesmeisterskapen i Pokémon TCG.

Me har tre ferdige kortstokkar som er klare til  å spela med, og Ketil vil læra deg korleis du kan slå ut motstandarane dine og vinna spelet. Du kan òg ta med di eiga samling og få hjelp til å bygga din eigen stokk (eller “deck”, som det kallast). Og kanskje nokon vil bytta kort med deg?

I tillegg vil Kristian Bertin Klepsvik Økland setta opp fleire av sine eigne Pokémon-dataspel på skjermane våre.