Utsatt: Melodiske tonar og kulinariske gleder – Ein kveld med StorTuft Trio

Dato

Tid

Stad

Bekkjarvik Gjestgiveri

Bli med på ein uforgløymeleg kveld i Løo med konsert frå StorTuft trio og ei deilig matoppleving.

Gruppa leverer melodisk musikk med komponerte melodilinjer og stemningsfulle tonar, og tek lyttarane med på ei reise gjennom varierte musikalske landskap med innslag av improvisasjon. Musikken kan vekkje assosiasjonar til folketonar og samtidsmusikk eller jazz. Mykje av musikken er inspirert av poesi av den avdøde Johan Tufteland frå Austevoll, med deklamasjon eller framføring som songar. Jan Tufteland har komponert det meste av musikken, medan Vigleik framfører sine eigne jazzlåtar på piano. Det blir også mogleg å nyte kjende melodiar som tema frå Titanic og Gabriels oboe.

Dette blir ein kveld fylt med musikalske opplevingar, god mat og drikke. Det blir også ein spennande musikkquiz der du kan teste kunnskapane dine og konkurrere med andre deltakarar.

Velkommen til ein minneverdig kveld i Løo! Arrangementet er i samarbeid med Austevoll folkebibliotek som feirar 75-årsjubileum i år. Vi gratulerer!

Prisen inkluderer 3-retters middag og konsertbillett. Billettpris: kr.950.- Med overnatting i dobbeltrom kr.2250.- enkeltroms tillegg kr.600.- For billetter: salg@bghotel.no eller ring tel: 55 08 42 40