
Slaget om Sunnhordland
Konge av Austevoll, dronning av Bømlo eller rett og slett ein vaskekte Kvinnherad-baron? Slaget om Sunnhordland er eit strategi- og familiespel som går ut på å erobra og kontrollera kommunar i Sunnhordland! For å klara det må du ha hell med terningane, bruka kort og troppar strategisk og byggja (og bryta!) alliansar på rett tidspunkt. Spelet er for 3 til 5 spelarar frå 12 år og passar for både slue strategar og dei som spelar meir for å ha det kjekt i lag.