
Filmoteket
Slik gjer du
Gå til Filmoteket.no og opprett ein brukar. Registrer e-postadresse, det nasjonale lånenummeret ditt og tilhøyrande pinkode. Du må verifisere e-posten din etter at du har registrert deg.
Lånekortet ditt må vere registrert med Austevoll folkebibliotek som heimebibliotek.
Har du ikkje eit nasjonalt lånekort? Bestill det på Nasjonalbiblioteket si teneste for digitale, nasjonale lånekort
Treng du hjelp, kontakt biblioteket på epost: folkebiblioteket@austevoll.kommune.no eller på telefon 55 08 12 10.
Utlånstid og tal på lån
Du kan låne 6 filmar pr. månad. Filmen er tilgjengeleg i 48 timer og den kan strøymast fleire gongar.
Meir om tenesta
Filmen kan sjåast på PC, Mac, nettbrett og smarttelefonar på Windows, iOS og Android og i alle kjente nettlesarar. Filmen kan og enkelt overførast til større skjerm, til dømes TV via AirPlay og Chromecast. Filmtilbodet er tilgjengeleg når som helst og kvar som helst.
På Min side får du oversikt over favorittar, lånehistorikk og tal på lån som er brukt og kor mange lån du har igjen i månaden.
Filmtjenesten vert levert og drifta av Norgesfilm AS.