Bokomslag: Andreas Viestad - Verdenshistorien i et måltid

En middag i Roma

Ein middag på restauranten La Carbonara i Roma er ramma for Viestad si store forteljing om det italienske matfatet. Brødet blir servert og fyrste kapittel er i gong med å fylgja trådane attende til romarriket og kor viktig brødet var for å halda den fattige folkemengda frå å gjera opprør med den rike eliten. Brødet var viktigare enn sirkus, og i eit skikkeleg italiensk måltid er det framleis slik.

Olje, pasta, vin, salt og sitron får alle liknande kapittel som fortel om store hendingar og djupe tradisjonar til dei enkle råvarene. Forteljingar om sitronmafia, saltskatt, antikkens kryddersug og pavens olivenlund viser korleis mat og verdshistorie er tett knytt saman. Viestad bruker seg sjølv mykje i boka, og han fortel om sitt eiget liv som matentusiast og sine møter med dei italienske mattradisjonane. Etter alle kapitla og like mange rettar er forfattaren stappmett og lesaren svolten.

Det var nett denne boka eg tok med meg til Italia i haustferien, og på siste dagen sat eg sjølv ved La Carbonara med eit nytt blikk på maten som blei servert og tradisjonane bak. Guidebøker er ofte prega av oppramsing av fakta og utdaterte tips. Men boka En middag i Roma gav meg mykje reise- og matglede. Boka tilrådast både for den som skal reisa til Italia og til den som vil få Italia heim til seg

Kategorier: 
Boktips