Bokomslag for Båten om dagen

Båten om dagen – Minne frå eit samliv 1946–1970

Gjennom Båten om dagen får lesaren eit unikt innblikk i livet til forfattarparet Halldis og Tarjei Vesaas. Dei har ulikt lynne, men deler ein djup og felles lidenskap for litteratur – både å skrive og å lese.

Halldis er den sosiale av dei to; ho engasjerer seg i foreiningar, lokalsamfunn og organisasjonsliv – og ikkje minst i festlege lag med andre forfattarar. Relasjonen til Tor Jonsson er skildra med særleg tyngd. Halldis er produktiv som omsetjar og redaktør, ho får ikkje like godt tid til  å arbeide med eiga dikting, og lesarane får følgje med på vegen til eit eige rom å skriva på.

Tarjei er den stille og arbeidsame med eige rom. Han oppnår høg litterær status etter ei rad med godt mottekne bøker, både i Noreg og internasjonalt. Det er fascinerande å følgje forfattarskapen hans – frå Veneziaprisen for Vindane (1952), via den storslagne mottakinga av Fuglane (1957), til Nordisk råds litteraturpris for Is-slottet (1963).

Men boka handlar ikkje berre om dei store hendingane. Her får vi òg eit nært og varmt portrett av samlivet mellom to menneske i kvardag og familieliv. Vi får møte barna og ta del i det daglege livet på garden Midtbø.

Skriven av Odd Harald på Austevoll folkebibliotek