Heidruns gate
- Forfattar:
- Per Schreiner
Romanen er eit breidt anlagt familieepos som strekker seg over nesten 200 år. Hovudhandlinga er lagt til Oslo og omegn, med huset i Heidruns gate og familiehytta i Østfold som naturlege omdreiingspunkt. Hendingane følgjer raskt etter kvarandre, lista opp i eit nøkternt språk, nesten som i eit handlingsreferat. Romanen dveler lite ved kjensler hjå romanpersonane. Det er lett å vende om sidene for å følge punktnedslaga i livshistoriene. Etter lesing av romanen kan ein reflektera over kva det er som utgjer eit liv og ei historie, og kva som blir igjen av alt når ein sjølv er borte.
Boktips frå Laila, Austevoll folkebibliotek.
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok