Her kjem sola
- Forfattar:
- Gunnhild Øyehaug
Forfattar Helga Mork (49) får nye naboar, forfattarparet Even og Christina Albert. Det blir mykje å handtera for den svevande Helga. Her kjem sola er ei absurd og morosam bok om tankespinn i fritt utlaup frå ordmeistaren Gunnhild Øyehaug.
Dramaet byggjer seg opp når Helga spionerer på naboane ut vindauget og ser YouTube-videoar av Even Albert. Gneister sprakar, men kona Christina står i vegen, og ho vert fort lagd for hat. Kan det likevel blåsa opp flammar mellom Helga og Even?
Dette er ei litterær bok, og ingen vanleg kjærleikshistorie. Teksten kommenterer seg sjølv og refererer breitt frå verdslitteraturen, medan draum og røynd glir inn i kvarandre. Likevel blir ikkje lesinga tung. Nei, for humoren, dei springande setningane og dei fantasifulle tankehoppa gjer lesinga lett og drivande. Gunnhild Øyehaug fylte 50 år i januar 2025, og har du ikkje lese noko av denne særeigne forfattaren, er Her kjem sola ein god start.
Omtalen er skriven av Odd Harald, Austevoll folkebibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok