Ønsk meg heller god tur : samtaler med Ingvar Ambjørnsen
- Forfattar:
- Alf van der Hagen
Ingvar Ambjørnsen er ramma av lungesjukdommen kols og takker nei til det meste av førespurnader. Men Alf van der Hagen får innpass hos forfattaren i Hamburg, og saman snakkar dei seg gjennom livet og bøkene til Ingvar Ambjørnsen. Det vart til samtaleboka «Ønsk meg heller en god tur» frå 2023. Ifylgje Ambjørnsen blir dette det siste intervjuet han gjev.
Ein folkeleg outsider er ein uvanleg kombinasjon, men Ambjørnsen har meistra kunststykket å nå ut til mange lesarar med bøker om menneske som lev liv utanfor samfunnet. Fyrste roman, 23-salen (1981), skildra livet på ein psykiatrisk avdeling. Boka var basert på Ambjørnsens eigen erfaring som tilsett på sjukehus. Det var også bøkene han skreiv om hasjsal og rusmiljø. Gjennom samtalar med van der Hagen får lesaren ta fylgje med forfattaren gjennom desse bøkene, og hans særeigne blikk på samfunnet og tida.
Lesaren blir som ein fluge på veggen som tek del i samtalene rundt raudvinsflaskene og Alf van der Hagen gjer desse kveldane i Hamburg om til ein fengjande og lettlesen bok. Den tilrådast alle med interesse for Ingvar Ambjørnsen, norsk litteratur eller den gode samtalen.
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok