Bokomslag: Uhørt

Uhørt – Angsten for det frie ord

Korleis står det til med ytringsfridomen i Noreg? I følgje Ytringsfridomskommisjonen og forfattaren av boka Uhørt – Angsten for det frie ord, slett ikkje verst. Kjersti Løken Stavrum meiner at digitaliseringa dei siste åra har styrkt det frie ordet, men at alt ståket som følgjer med kommentarfelt i nettaviser, sosiale medium og ny teknologi ofte blir problematisert.

Denne utviklinga omtalar Stavrum som eit problemindustrielt kompleks, som fordreiar biletet av offentlegheita i negativ retning. I boka tek ho systematisk for seg tema som ekstremisme, hat, polarisering, sosiale medium, desinformasjon og ytringsfridom på arbeidsplassen. Det sistnemnde er eit stort problem, men samstundes argumenterer forfattaren for at vi bør sjå lysare på utfordringane i det offentlege ordskiftet.

Eit fungerande og levande demokrati skal romme usemje og ein viss grad av bråk. Uhørt er ein pageturnar om ytringsfridom og ein passande medisin mot eit overdrive negativt syn på det offentlege ordskiftet og demokratiet i Noreg.

Omtalen er skriven av Odd Harald, Austevoll folkebibliotek.

Kategorier: 
Boktips til vaksne