Avisteikning med May Linn Clement

Aktuelt   

May Linn Clement viser og fortel korleis det er å vera avisteiknar.

May Linn likar når teikningane hennar kan vera med å løfta fram litteratur. Her saman med Sangen om den røde rubin.

Bibliotekåret 2020 har vore prega av eit avgrensa tilbod for brukarane våre. For å bøta på ein manglande fysisk samlingsstad har me laga eit digitalt innslag frå biblioteket. Prosjektet vart støtta av Bibliotekutvikling Vestland slik at me fekk utstyr og moglegheit til å satsa digitalt. Saman med lokale May Linn Clement har me no laga ein video om avisteikning, og korleis ei slik teikning vert til. Prosjektet har vore lærerikt for dei tilsette ved biblioteket, som no kan meir om det å nå ut til brukarar på ein digital plattform. Utstyr er på plass og digital formidling vil me halda fram med.