Skeiv utstilling

Av Pia C. Guzman

Men kva er eigentleg skeiv kultur? Vel, det er når du likar personar av same kjøn, eller fleire kjøn. Men å vera skeiv er også når nokon til dømes er fødd jente, men identifiserer seg som gut, og omvendt. Det finst mange forskjellige identitetar. Den som er homofil, trans, lesbisk eller noko anna er med i LHBT+ (lesbisk, homofil, bifil, trans og meir).  

I fleire år har homofili blitt sett på som ein sjukdom. Me har kjempa lenge for å få rettigheiter, og i Noreg er me komne langt. Men det er framleis ein lang veg å gå.  

Du treng ikkje å vera skeiv for å ha glede av utstillinga vår. Me har masse bøker om LHBT+, for ungar, tenåringar og vaksne. Besøk oss før det blir tomt!