Super Sommarlesfest!

I år fekk vi besøk av Mari Moen Holsve, som er forfattaren av historiene om Astrid og Asbjørn. Elles var det quiz for ungane, og kvelden vart avrunda med utlodding av bokpremiar og utdeling av is til alle. I skrivande stund har 221 barn i Austevoll lese 3.375 bøker med totalt 301383 sider. Dette er så langt rekorddeltaking for Austevoll. Sommarles blir avslutta den 31. august, og det er mogleg å hente lesepremiar fram til 30. september. Me gler oss alt til neste sommar!

 Mari Moen Holsve underheld publikum.
Mari Holsve Moen fortel frå Sommarles-forteljinga.
Utdeling av bokpremiar.
Utlodding av bokpremiar.