Seniorsurf denne hausten starta 19. september på biblioteket. Tilbodet om datahjelp for seniorar på biblioteket held fram! Kvar veke kan eldre i kommunen samlast på biblioteket og få hjelp med den digitale kvardagen. På Seniorsurf vil ny teknologi, digitale tenester og elektroniske hjelpemidlar bli presentert på ein lettfatteleg måte. Ulike aktuelle tema vil takast opp, som sosiale mediar, helsetenester på nett, BankID, ulike digitale verktøy med meir. Øktene startar med presentasjon av tema, før deltakarane sjølv får praktiske oppgåver å løysa med utstyret dei har med (telefon, nettbrett eller datamaskin). Dette skjer med rettleiing og hjelp undervegs. Det er også mogleg å få ein-til-ein rettleiing om det er ynskjeleg, og det vil vera i ynskja tempo. Seniorsurf er eit lågterskel tilbod for alle eldre i kommunen. Kalenderen nedanfor viser oversikt over tema, stad og tid for øktene. Tema og innhald på øktene kan endra seg, og det er berre å koma med ynskje.
Veke: | Biblioteket på måndagar | Tema: |
38 | 19. sept. kl. 13.00 | Oppstart: Finn fram på nettet. BankID-appen. Skyss. |
39 | 26. sept. kl. 13.00 | Bruk av smarttelefon og nettbrett. Tips og triks. |
40 | 3. okt kl. 13.00 | E-post og Helsenorge.no. Råd mot svindel. Underhaldning. |
41 | Haustferie | |
42 | 17. okt. kl. 13.00 | Offentlege tenester og QR-koder. |
43 | 24. okt. kl. 13.00 | VR-briller og spel. |
44 | 31. okt. kl. 13.00 | Banktenester og vipps. |
45 | 7. nov. kl. 13.00 | Velferdsteknologi med Sindre Lohne |
46 | 14. nov. kl.13.00 | Sosiale medium, halda kontakt på nett. |
47 | 21. nov. kl. 13.00 | Digitale hjelpemiddel: Siri med meir. Nina Sevaldsen kjem. |
48 | 28. nov. kl. 13.00 | Kjøp og sal på internett. |
49 | 5. des. kl.13.00 | Siste økt. Juletema. |