«Størjefeber» på biblioteket

Takk til alle som kom og gjorde bokbadet for «Størjefeber» og forfattar Linda B. Karlsen til ein festkveld. Det var ei stort publikum – unge og eldre, kystsogelag, fiskarar med røynsle frå størje og anna fiske, og ikkje minst nokre av hovudpersonane i boka, som Astrid Marie Hufthammer (96, enkje etter not-bas Sigvald Hufthammer), Karsten Karlsen (88, far til Linda og størjepionér) og Marta Aud Troland (89, enkje etter størjefiskarane Mons Monsen Troland og Mons Anton Troland.

Linda Karlsen og boka Størjefeber.