Barne og ungdomsbibliotekar Ketil Reigstad ynskte dei frammøtte velkomen. Elin Golten, Seksjonssjef for bibliotekutvikling Vestland, starta med eit innlegg om utviklingstrekk i folkebiblioteka og korleis nasjonale føringar set premiss for oppgåvene til eit folkebibliotek. Seniorrådgivar i bibliotekutvikling Vestland, Kari Skibenes fylgde opp med å visa statistikk for bibliotekverda med fokus på Austevoll. Austevoll folkebibliotek lånar ut noko mindre media enn gjennomsnittet for bibliotek Vestland og har mindre besøk, men har fleire arrangement. Biblioteksjef Laila Årland gjekk på scena etter Skibenes og fortalde noko om historia til folkebiblioteket i Austevoll kommune, som i 2024 blir 75 år. Bibliotekar Odd Harald Opdal og Ketil Reigstad viste så til ulike føringar som bør samsvara med ein ny bibliotekplan, frå FN sine berekraftsråd og biblioteklova til regionale føringar og lokale planar. Etter alle innlegga blei det servert lunsj før me samlast att og tok i mot innspel frå publikum. Det kom 30 personar med interesse for arbeidet med ny bibliotekplan og biblioteket fekk mange innspel frå publikum:
- Biblioteket bør vera ein møteplass i kommunen.
- Eldre som ikkje kan reisa så langt bør få eit digitalt tilbod når det skjer noko på biblioteket.
- Biblioteket kan nå ut til eldre ved å ha faste digitale arrangement.
- Biblioteket bør strøyma arrangementa sine og læra interesserte opp i korleis dei kan fylgja med på nett.
- Ønske om faste former for tilbodet om digital inkludering på biblioteket. Det er sosiale møter som må vektleggast, digitale møter kan vera eit tillegg.
- Etablera gode samarbeid innad i kommunen og såleis få folket inn i biblioteket og biblioteket ut til folket. Til dømes ha bibliotekarrangement utanfor biblioteklokalet i dagsturhytta Adlesi eller andre stader i kommunen.
- Kulturkonsulent i kommunen ynskjer å vera eit mellomledd for bibliotekplan og den nye kulturplanen i kommunen.
- Det er viktig å tydeleggjera biblioteket sitt arbeid og behov inn mot politikarane.
- Biblioteket gjer ein god jobb med å nå unge gjennom aktivitetar som til dømes gaming.
- Lokaliteten i Bekkjarvik hemmar besøk på biblioteket frå andre stader i kommunen.
- Når det ikkje er eit busstilbod som gjer at unge kan reisa til og frå arrangement på biblioteket, blir det vanskeleg for mange unge å delta.
- Biblioteket bør halda debattar.
- Kan det vera mogleg med bokbuss?
- Biblioteket bør satsa på fleire kanalar for å nå ut til dei ulike segmenta av befolkninga.
- Plakatar og anna materiell bør ha qr-kodar og kontaktinformasjon på seg.
Deltakarane blei invitert til å kome tilbake til biblioteket når bibliotekplanen nærma seg ferdig for å sjå korleis planen vil sjå ut. Biblioteket tek gjerne fleire innspel. Kontaktinformasjon finn du på www.austevollbibliotek.no