Rapport frå jubileumsfesten av Johannes Sekse

Tidlegare redaktør i Marsteinen, Johannes Sekse, kom på feiringa til biblioteket og skreiv denne fine meldinga, fyrst publisert på Facebook:

Vel verdt turen.
«Denne kvelden feirar me at Austevoll kommune har hatt bibliotekteneste i 75 år.»

«Eit stjernelag av lokale artistar og forfattarar sørgjer for ein minnerik kveld.» Slik stod det å lesa på Austevoll kommune si heimeside. Så eg sette meg i bubilen og køyrde 20 mil + ferje – og kom fram like før det heile starta.

Og minnerik, det vart kvelden. Kongsten kultursal var pynta og forsynt med imponerande illustrasjonar, lyssetjing, lyd, m.m. Og publikum strøymde på. I løpet av vel to timar, fekk me servert eit mangfaldig og variert program.


May Linn Clement serverte ein glitrande standup, tilpassa biblioteket og stunda. I tillegg til bøker, tok ho i si tid også med seg ein bibliotekar heim på lån. Slikt vert det også familie av. Ein som utan tvil var medverkande til suksessen, var konferansieren – Ketil Reigstad. Det er noko med det mest profesjonelle eg har opplevd. Med lun humor, grundig førebuing og ikkje minst solid gravearbeid på førehand, glei programpostane fram, vekslande mellom humor, sorg, alvor og glede.

May Linn Clement serverte ein glitrande standup, tilpassa biblioteket og stunda. Foto: Johannes Sekse.

Historia til jubilanten, starta med eit brev frå fylkesbibliotekar, legendariske Laura Sirset, datert 3. februar 1949. Svaret frå kommunen kom i september. Kommunestyret hadde då løyvt 500 kroner for kvart av dei to påfylgjande åra. I tillegg vart det sett i gang ein imponerande dugnad, som gjorde til at det verkjeleg vart svung over bilioteket i kommunen, og at det «kom ut av skåpet». Deretter kunne han servera ei levande helsing frå sjølvaste nasjonalbibliotekaren vår, Aslak Sira Myre. Då festleiaren etterlyste ein doktor, var det ikkje kommunelegen han tenkte på, men doktor, og leiar for bibliotekutviklinga i Vestland fylkeskommune, Elin Golten. Ho orienterte om «Biblioteket i dag», om det mangfaldet biblioteket er og bør vera som samfunnsaktør. Austevoll Bibliotek er elles nominert til ein gjæv pris. Og berre det, er veldig stort, sa ho.

Dei tilsette på biblioteket i dag er, Hanna Boyesen, (biblioteksjef) Laila Årland, Ketil Reigstad og Odd Harald Opdal, som vart bedne om å koma fram og ta imot hyllest frå salen. Bilete: Johannes Sekse

Eit imponerande innslag var det «utflytta», alt no lovande, austevollsbandet, «Bellefolie». Kommunen kan vera kry som har avla noko slikt.

Vokalisten, Isabell Aga Engelsen, gav ALT, godt hjelpt av trommeslager: Jarle Håland, bassist: Karl Blaalid Edvardsen, gitarist: Martin Andreas Urne Jørgensen, pianist: Sivert Aase Fluge og korist: Rigmor Farestveit. (bassisten i går var vikar for fast bassist Andreas Kvinge Sandnes som ikke kunne vera med.) Foto: Johannes Sekse.

Bokpraten mellom Ketil Reigstad og allsidige Kjartan Brügger Bjånesøy, vart det lengste innslaget, men du og du….. For ein prat… Den allsidige journalisten, med start i Marsteinen og BT m.a. – deretter via både Dagbladet, VG m.m., har også skrive mange bøker – ikkje minst portrett av fleire veldig kjende kjendisar, for å seia det slik. Sterkast inntrykk gjorde kan henda boka «Kjære pappa». Og no er han på trappene med ein ny, som han også las opp frå. – Om å leva med sorg m.m. Det heile vart avrunda med at den godeste programleiaren hadde engasjert ei rekkje kjenningar av Kjartan, og kjendisar, som stilte han ulike spørsmål. Mellom dei Hallgeir Opedal frå Odda, og ikkje minst kona hans – alles kjære Solveig Kloppen.

«du og du….. For ein prat…» Foto: Johannes Sekse

Eg hadde hatt lyst til å snakka litt meir med dei eg kjende frå mi tid som lokalavisredaktør her ute, men siste ferja frå Husavik gjekk presis klokka 20.25, og eg rakk ho med knapt eitt sekund, då eg smatt meg under bommen som var på veg ned. Legg elles til at Bekkjarvik og der omkring i si tid høyrde til Fitjar kommune.

Johannes Sekse