Digital hjelp og rettleiing – vår 2025

Har du digitale problem eller ynskjer å læra meir om ulike digitale emne? Biblioteket gjev både hjelp og digital opplæring. Noreg er no eit digitalt land det krevst ein viss kompetanse å orientera seg i. Appar må lastast ned, bank- og helsetenester ligg på nett, og det gjer andre offentlege tenestene også. Det er ikkje berre lett. Austevoll folkebibliotek har saman med Seniornett Austevoll tilbydd lågterskel kursing i digital kompetanse i fleire år. Seniorsurf på biblioteket og Datahjelp på Frivilligsentralen. På desse samlingane presenterer me ulike tema der deltakarane får prøva seg på praktiske oppgåver på nettbrett eller smarttelefon. Tema kan vera digital tryggleik, Helsenoreg, e-post, Skyss eller anna.  Det krevst ingen førehandskunnskap og me låner ut nettbrett til dei som vil prøva det. Utanom kursinga, legg me til rette for ein-til-ein-rettleiing der du kan få hjelp til det du lurer på. Sjå kalendaren nedanfor for stad, tidspunkt og tema for øktene.

Veke:Biblioteket på måndagar.Frivilligsentralen på onsdagar.Tema:
1431. mars kl. 13:002. april kl. 13:15Digital tryggleik
157. april kl. 13:009. april kl. 13:15Kunstig intelligens
16FriFriPåskeferie
17FriFri
1828. april kl. 13:00Pause ut våren.Oppgåver
195. mai kl. 13:00Digitale karttenester
2012. mai kl. 13:00Radio, podkast og musikk
2119. mai kl. 13:00Fri
2226. mai kl. 13:00Passord
232. juni kl. 13:00Digital slektsgransking med Ketil
24FriPinse
2516. juni kl. 13:00Siste økt før sommaren

Nyttige nettsider for digital hjelp:

  1. www.kakadu.no (Digitale oppskrifter)
  2. http://www.svindel.no (Sjølvforsvar mot svindel)

Kontakt: odd.opdal@austevoll.kommune.no