

Har du digitale utfordringar eller ønskjer å lære meir om ulike digitale tema?
Biblioteket tilbyr både hjelp og digital opplæring. Noreg er no eit digitalt samfunn – det krev ein viss kompetanse å orientere seg. Appar må lastast ned, bank- og helsetenester ligg på nett, og det same gjeld andre offentlege tenester. Det er ikkje alltid like enkelt.
Austevoll folkebibliotek har, saman med Seniornett Austevoll, i fleire år tilbydd lågterskel kurs i digital kompetanse: Seniorsurf på biblioteket og Datahjelp på Frivilligsentralen. På desse samlingane presenterer vi ulike tema der deltakarane får prøve seg på praktiske oppgåver på nettbrett eller smarttelefon. Tema kan vere digital tryggleik, Helsenoreg, e-post, Skyss eller andre aktuelle område.
Det krevst ingen forkunnskap, og vi låner ut nettbrett til dei som vil prøve det. I tillegg til kurs legg vi til rette for individuell rettleiing, der du kan få hjelp til det du lurer på. Sjå kalenderen nedanfor for stad, tidspunkt og tema for øktene.
Veke: | Biblioteket på måndagar | Frivilligsentralen på onsdagar | Tema: | |||
36 | 1. september kl. 13:00 | 3. september kl. 13:15 | Oppstart | |||
37 | 8. september kl. 13:00 | 10. september kl. 13:15 | Funksjonar på smarttelefon | |||
38 | 15. september kl. 13:00 | 17. september kl. 13:35 | Internettkultur | |||
39 | 22. september kl. 13:00 | 24. september kl. 13:15 | Sosiale medium | |||
40 | 29. september kl. 13:00 | 1. oktober kl. 13:15 | Les og lytt på nett med Ketil Reigstad | |||
41 | 6. oktober kl. 13:00 | 8. oktober kl. 13:15 | Fri | |||
42 | 13. oktober kl. 13:00 | 15. oktober kl. 13:15 | Teknologi med Per Thorvaldsen (seniorsurf) | |||
43 | 20. oktober kl. 13:00 | 22. oktober kl. 13:15 | Velferdsteknologi med Marte Troland Aga |
Nyttige nettsider for digital hjelp:
- www.kakadu.no (Digitale oppskrifter)
- http://www.svindel.no (Sjølvforsvar mot svindel)
Kontakt: odd.opdal@austevoll.kommune.no