2025 blei eit år for endring og for å finne ny vegar for å betre biblioteket sine tenester. I april gjekk biblioteksjef Laila Årland av med pensjon etter meir enn 20 år i stillinga. Odd Harald Opdal, som har arbeidd på biblioteket sidan 2014, tok over som biblioteksjef. Biblioteket har publikumsrekord for fjerde år på rad, har utvikla nye tenester og tilbod, etablert nye samarbeid og satsa mykje på lesing blant barn og unge.
Besøksrekord og utlån

Biblioteket hadde i 2025 til saman 18 633 besøk, mot 16 990 besøk året før. Dette utgjer ein auke på 1 643 besøk, tilsvarande om lag 9,7 prosent samanlikna med 2024. Dette er besøksrekord for fjerde år på rad, og viser at biblioteket blir nytta av stadig fleire.
Utlånet av fysiske medium gjekk noko ned. Det samla utlånet var på 12 630, inkludert bøker, anna materiale og tidsskrift, mot 13 491 utlån året før. Dette er ein reduksjon på 861 utlån, tilsvarande om lag 6,4 prosent. Nedgangen kan forklarast med ein mellombels reduksjon i bemanning etter at biblioteksjefen gjekk av med pensjon. Sjølv med nedgang frå året før har utlånet auka markant sidan 2023. Frå 9 337 fysiske utlån i 2023 har utlånet auka til 12 630 i 2025, noko som svarar til ein vekst på om lag 35,3 prosent.
Topp 10 utlån – Barn og unge
- Victor Nordahl – Byen (2023)
- Malin Falch – Harukkas ønske (2024)
- Hans Jørgen Sandnes – Ildsjø (2023)
- Ida Jackson – Brillebjørn i svømmehallen (2023)
- Ida Jackson – Brillebjørn på butikken (2022)
- Michelle Tolo – Spøkelsesvenn : det første møtet (2023)
- Odin Helgheim – Valhall (2022)
- Malin Falch – Bjørnar : et eventyr fra Nordlys (2021)
- Jørn Lier Horst – Operasjon ellemelle (2020)
- Ida Jackson – Brillebjørn i bursdag (2021)
Topp 10 utlån – Vaksen
- Anita Østerbø – Frihetens smerte (2024)
- Jo Nesbø – Minnesota : roman (2022)
- Katarina Widholm – Kjæreste venner (2023)
- Jenny Fagerlund – En hemmelighet for mye (2023)
- Alex Dahl – Kjære terapeut (2023)
- Ruth Kvarnström-Jones – Venninnene på Nordiska Kompaniet (2022)
- Maja Lunde – Skjerm barna (2023)
- Jill Mansell – Lov meg det (2023)
- Ruth Kvarnström-Jones – De fabelaktige kvinnene på Grand Hôtel (2021)
- Anita Østerbø – Tatt av sviket (2022)
Arrangement og formidling
170 arrangement og aktivitetar i løpet av året, med totalt 2 683 deltakarar.

Biblioteket har i 2025 hatt eit omfattande og variert arrangementsprogram, med gode bidrag frå både lokale og nasjonale aktørar. Blant dei som har opptredd finn vi namn som Adele Duus, Gunnar Staalesen og Anita Østerbø. Det siste arrangementet i 2025 var med austevolling Lene Wetteland, som var heime for å feire jul. Årets mest populære arrangement stod Kjartan Brügger Bjånesøy for, med over 200 deltakarar. I tillegg har biblioteket gjennomført ei rekke arrangement retta mot barn og unge, i hovudsak leia av barne- og ungdomsbibliotekar Ketil Reigstad, som har jobba målretta med formidling heile året.
Digital inkludering
Biblioteket har halde fram satsinga på digital inkludering. I 2025 arrangerte biblioteket, i samarbeid med Seniornett Austevoll, 51 kurs og samlingar innan digital opplæring. Tiltaka samla 502 deltakarbesøk. Seniorsurf blir halde på biblioteket, medan Datahjelp finn stad på Frivilligsentralen.
Austevoll får merksemd for arbeidet som blir gjort med digital opplæring, og i 2025 vart to nye prosjekt starta. Gjennom The Europe Challenge har biblioteket, saman med Frivilligsentralen, fått støtte til å vidareutvikla og utvida tilboda. Biblioteksjef Odd Harald Opdal og frivilligkoordinator Margrethe Utkilen reiste i november til London for å delta på seminar saman med deltakarar frå heile Europa.
Biblioteket er òg med i prosjektet «1. april heile året». I samarbeid med Bibliotekutvikling Vestland og organisasjonen Tenk skal det utviklast modular til bruk i opplæring for å styrke digital kjeldebevisstheit hos eldre.
Satsing på barn og unge

Den største satsinga i 2025 var retta mot barn og unge, med mål om å styrke leselyst og leseferdigheiter. Barne- og ungdomsbibliotekar Ketil Reigstad har gjennom prosjektet Lesing for dei minste formidla bøker til barnehagar. Biblioteket har vidareutvikla Tøyposebiblioteket med støtte frå Austevoll Mållag og Bibliotekutvikling Vestland, som har bidrege til innkjøp av nye bøker på nynorsk. Utvalde og tilpassa bøker blir lagde i tøyposar i barnehagane Storebø FUS og Bekkjarvik maritime FUS barnehage og er klare til å bli tekne med heim, slik at foreldre kan lese saman med barna.
Pilotklasse på Selbjørn skule
Biblioteket har lagt til rette for ei satsing på leselyst gjennom tett oppfølging av fjerde trinn på Selbjørn skule. Elevane får jamleg bokformidling og tilgang til eit variert bokutval, og klassa har faste bibliotekøkter både i skulebiblioteket og i folkebiblioteket. Biblioteket har hatt ansvar for tilrettelegging, bokutval og fagleg støtte i samarbeid med skule og heim.
Ny filial på Eidsbøen
Austevoll kommune fekk i 2025 støtte til å byggje om skulebiblioteket på ungdomsskulen og utvikle tenestene til heile befolkninga. Kombinasjonsbiblioteket skal tilpassast barn og unge, men ha bøker og tenester til alle aldrar. Den nye filialen skal opnast i løpet av 2026.
Samarbeid
Austevoll folkebibliotek har halde eit høgt aktivitetsnivå og gjennomført mange arrangement gjennom året, tilpassa ulike målgrupper. Aktiviteten spenner frå barseltreff til senioruniversitet, og frå små bokpratar til store bokbad. Dette arbeidet er mogleg gjennom godt samarbeid med lag og organisasjonar, frivillige og kollegaer i kommunen.
Austevoll folkebibliotek ser fram til eit godt bibliotekår i 2026!

