Digital hjelp og rettleiing – vår 2026

Har du digitale utfordringar, eller ønskjer du å lære meir om ulike digitale tema?
Biblioteket tilbyr både hjelp og digital opplæring. Noreg er i dag eit digitalt samfunn, og mange tenester i kvardagen krev digital kompetanse. Appar må lastast ned, bank- og helsetenester ligg på nett, og det same gjeld mange offentlege tenester. Dette kan opplevast som krevjande for dei fleste.

Austevoll folkebibliotek har, saman med Seniornett Austevoll, i fleire år tilbydd lågterskel kurs i digital kompetanse: Seniorsurf på biblioteket og Datahjelp på Frivilligsentralen. På desse samlingane tek vi opp ulike digitale tema, og deltakarane får prøve seg på praktiske oppgåver på nettbrett eller smarttelefon. Tema kan vere digital tryggleik, Helsenorge, e-post, Skyss eller andre aktuelle digitale tenester.
Det krevst ingen forkunnskap, og vi låner ut nettbrett til dei som ønsker å prøve. I tillegg til kurs tilbyr vi individuell rettleiing, der du kan få hjelp med det du lurer på.

Sjå kalenderen nedanfor for informasjon om stad, tidspunkt og tema for øktene våren 2026.

Veke:Biblioteket på måndagarFrivilligsentralen på onsdagarTema:
62. februar kl. 13:004. februar kl. 13:15Oppstart og appar
79. februar kl. 13:0011. februar kl. 13:15Oppgåver
816. februar kl. 13:0018. februar kl. 13:15«Avslør bilder» og «Sosiale medier og svindel»
923. februar kl. 13:00FriDigital tryggleik
102. mars kl. 13:004. mars kl. 13:15Kommunen si heimeside (med hjelp frå ekspertar)
119. mars kl. 13:0011. mars kl. 13:15Offentlege tenester
1216. mars kl. 13:0018. mars kl. 13:15Kart og reise
1323. mars kl. 13:0023. mars kl. 13:15Kunstig intelligens
14FriFriPåskefri
15Fri6. april kl. 13:15Digital tryggleik
1613. april kl 13:0015. april kl. 13:15 Sjølvhjelp
1720. april kl 13:0022. april kl. 13:15Lyd på nett (radio og podkast)
1827. april kl 13:0029. april kl. 13:15Interaktiv forteljing
194. mai kl. 13:006. mai kl. 13:15Helsetenester på nett
2011. mai kl. 13:0013. mai kl. 13:15Repetisjon
2118. mai kl.13:0020. mai kl. 13:15Vipp og banktenester
22PinseFriFri
231. juni kl. 13:003. juni kl. 13:15