Frå onsdag 8. april er biblioteket ope att etter systembytte. Vi har teke i bruk nytt biblioteksystem, men det vil ta litt tid før alle tenester fungerer som normalt.
Utlånsmaskina er førebels ute av drift, så alle utlån må gjerast i skranken i bemanna opningstid. Bibliofil-appen vil ikkje fungere som før, og søk i katalogen vil vere annleis.
Vi arbeider med å få alle løysingar på plass og gi lånarane eit best mogleg tilbod. Takk for tolmodet og følg med for oppdateringar.
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss.
