Biblioteket er ope, men fleire tenester er nede

Norsk Bibliotektransport, som fraktar bøker og anna materiale mellom bibliotek i Noreg, er konkurs.

Inntil vidare er det difor ingen transport mellom biblioteka i landet.

Det vil ikkje vere mogleg å bestille fjernlån frå andre bibliotek. Vi oppmodar deg om å ikkje levere inn bøker du har lånt frå andre bibliotek hos oss, då vi ikkje veit når bøkene vil kome fram til eigarbiblioteket. Bøker vi allereie har lånt inn til deg frå andre bibliotek, kan du levere hos oss.

Frå onsdag 8. april er biblioteket ope att etter systembyte. Vi har teke i bruk nytt biblioteksystem, men det vil ta litt tid før tenestene fungerer som normalt.

Utlånsmaskina er førebels ute av drift, så alle utlån må gjerast i skranken i bemanna opningstid. Bibliofil-appen vil ikkje fungere som før, og søk og nettsider vil vere annleis i ein overgangsperiode.

Vi arbeider med å få alle løysingar på plass og gi lånarane eit best mogleg tilbod. Takk for tolmodet og følg med for oppdateringar.

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss.

Vi beklagar ulempene dette fører med seg.