Jubelåret 2024

I 2024 kunne Austevoll juble for 75 år med kommunal bibliotekteneste. Men det var ikkje berre det vi kunne juble for: Aldri før har fleire besøkt folkebiblioteket, og aldri før har biblioteket lånt ut så mange bøker. I tillegg vart Austevoll folkebibliotek kåra til beste barne- og ungdomsbibliotek i Noreg. Satsinga på seniorane fekk nasjonal merksemd då Seniorsurf var base for Norge Rundt-sending i oktober. Blir det meir å juble for i 2025?

Rekordar i besøk og utlån

Biblioteket sette ny besøksrekord for tredje året på rad med heile 17.000 besøk – ein oppgang på over tre prosent frå året før. Minst like viktig er veksten i utlån: Over 13.000 utlån totalt, ein auke på heile 44,5 prosent. Denne postitive veksten kjem av biblioteket har arbeida målretta for å engasjere barn og unge, gjennom samarbeid med skular og barnehagar og den populære Sommarles-kampanjen, der over halvparten av Austevoll sine elevar deltok. Senioruniversitet i Austevoll har også drege fulle hus med interessante og lærerike føredrag.

Prisar og nasjonal merksemd

2024 vart året der Austevoll folkebibliotek vart heidra med tittelen Årets barne- og ungdomsbibliotek av Norsk bibliotekforening. Prisen er ein fin attest på biblioteket sitt engasjement for unge lesarar.

Diplom teikna av Anna Fiske, Barne- og ungdomsbibliotekprisen
– Prisen var ei stor oppmuntring og ei ære vi deler med fleire, seier barne- og ungdomsbibliotekar Ketil Reigstad. Han meiner at dei gode resultata i 2024 kjem av at kommunen har satsa bevisst.

– Det er ikkje alle kommunar som tek seg råd til eigen barne- og ungdomsbibliotekar. Vi har vist at det er verdt det, seier Reigstad.

Det digitale tilbodet Seniorsurf nådde også nasjonal merksemd gjennom ei reportasje på Norge rundt, noko som sette Austevoll på kartet som ein ressurs innan digital opplæring og inkludering. Sjå episoden her.

Jubileumsfest i Kongsen kultursal

I september 2024 feira vi 75 år med kommunal bibliotekteneste i kommunen. Ein festkveld i Kongsen kultursal med musikk frå Bellefolie, bokprat med Kjartan Brügger Bjånesøy samt talar, standup og presentasjoner. Utanom jubileumskvelden inviterte vi i juni til ein musikalsk aften med framføringar av Jon Fosse sine tekstar, framført av Anne Marit Jakobsen med musikalsk følgje av Sinikka Langeland. Publikum har gjeve gode attendemeldingar på tilstelningane våre, og biblioteket er motivert til å halde fram med å lage innhaldsrike arrangement i kommunen. Tidlegare redaktør i Marsteinen, Johannes Sekse, kom på feiringa til biblioteket og skreiv denne meldinga: Rapport frå jubileumsfesten.

Dei tilsette på biblioteket i dag er, frå venstre: Ketil Reigstad, Hanna Boyesen, Laila Årland (biblioteksjef) og Odd Harald Opdal. Foto: Johannes Sekse.

Storsatsing på skulebibliotek

2024 vart også eit viktig år for Austevoll kommune si satsing på skulebibliotek. Barne- og ungdomsbibliotekaren har arbeidd 50 prosent som skulebibliotekar på barneskulane og ungdomsskulen. I tillegg har han leia arbeidet med Skulebibliotekplakaten – ein ny standard for skulebibliotek utvikla i samarbeid med seks andre folkebibliotek i Vestland. Denne satsinga legg grunnlaget for auka leselyst og betre læringsmoglegheiter blant elevar i kommunen og styrkar skulebiblioteka som ein viktig del av skulekvardagen.

Fokus på dei minste og leselyst

Gjennom prosjektet Lesing med dei minste har biblioteket freista å inspirere dei aller yngste i kommunen til å oppdage gleda ved bøker. Småbarn har fått tilgang til spennande bøker gjennom tøyposebibliotek, og barnehagar har fått besøk av barne- og ungdomsbibliotekar med tilrettelagt litteraturformidling.

Ungdom og spel

Ungdom i Austevoll gjorde det stort i den nasjonale digitale byggekonkurransen Bibliobattles i Minecraft og vann prisen for beste bygg i Vestland – for andre året på rad. Rollespelklubben med Dungeons and Dragons har også blitt ein populær møteplass i biblioteket.

Plan for Austevoll folkebibliotek 2024-2029

Sidan 2023 har biblioteket arbeidd med å utvikle ein ny bibliotekplan. Denne vart vedteken i kommunestyret i september. Planen sikrar at Austevoll folkebibliotek jobbar målretta med satsingar og mål for å vera ein inkluderande møteplass for framtida. Planen kan lesast her.

– Det har vore spesielt viktig for meg som biblioteksjef å få bibliotekplanen vår ferdigstilt og vedteken i kommunestyret, samstundes var det gledeleg at markeringa for 75 års-jubileet for kommunal bibliotekteneste vart så fin, seier biblioteksjef Laila Årland.

2025

Biblioteket vil bygge vidare på arbeidet som er gjort, og halde fram med å utvikle tenestene våre til det beste for innbyggarane i 2025. Om 2024 var eit rekordår, kan 2025 bli historisk. I år kan det vere at startskotet går for bygging av eit nytt bibliotektilbod for befolkninga på Storebø. Etter innspel frå folkebiblioteket, vedtok kommunestyret like før jul ein garanti på 500.000 kroner til å bygge om skulebiblioteket på ungdomsskulen til å bli ein filial av folkebiblioteket. Då vil det bli eit flott og opprusta skulebibliotek på dagtid, og så eit bemanna og meirope folkebibliotek etter skuletida. Men om det skal bli ein realitet, er det avhengig av tilskot frå fylkeskommunen.

– Det er verkeleg spennande. Om fylkeskommunen løyver det same, vil befolkninga på Storebø etter kvart få eit like godt bibliotektilbod som dei i Bekkjarvik. Hundrevis av barn og unge er innom Eidsbøen til idrett og kulturskule kvar dag, så plasseringa er ideell. Det vil òg bli eit gode for Storebø skule, vaksenopplæringa og barnehagane seier barne- og ungdomsbibliotekar Ketil Reigstad.