Odd Harald Opdal

Ein lærerik kveld på biblioteket

Russlandekspert Amund Trellevik

Om lag 40 publikummarar fann vegen til bibliotek måndag kveld for å høyre på Russlandekspert Amund Trellevik. Trellevik fortalde mellom anna om mediebilete og sensur i Russland, om Vladimir Putin sitt grep om makten og dei vanskelege tilhøva for journalistar i landet. Det blei ein god spørsmålsrunde etter føredraget. Takk til alle som kom til Ein lærerik kveld på biblioteket

Klassikar i ny utgåve: «Veggen» («Die Wand», 1963) av Marlen Haushofer

Omslag til boka "Veggen" av Marlen Haushofer

Marlen Haushofer (1920-1970) er ein av Austerrike sine viktigste forfattarar i etterkrigstida. Ho vart særleg kjend for denne romanen, som fekk ny aktualitet ved utbrotet av Covid 19-pandemien. Under Norsk litteraturfestival 2020 på Lillehammer vart ulike romanar presentert på NRK under vignetten «Pestlitteratur», med det felles at ein kunne relatere handlinga i boka til ein Klassikar i ny utgåve: «Veggen» («Die Wand», 1963) av Marlen Haushofer

«Rock’n roll, tenkte eg.»

Åleine i Alpane av Ragnar Hovland

Forfattaren Ragnar Hovland er ein allsidig og særmerkt lun og humoristisk forfattar i det nynorske landskapet. Han har skrive både romanar, noveller, dikt og essay, og er ein populær gjest på ulike litterære arrangement. Han skriv for barn, ungdom og vaksne. I 1999 kom samlinga «Åleine i Alpane : 20 bøker», og er ei samling «Rock’n roll, tenkte eg.»

Sigurd (9) om Sommarles

Sigurd (11) fortel om Sommarles

Sigurd er ein ivrig sommarlesar i Austevoll. I denne videoen fortel han kva han likar å lesa, korleis han les, og gjev eigne Sommarles-tips. Sjå videoen nedanfor.

Vaksenvennlege barnebøker

Illustrasjon: Vaksenvennlege barnebøker.

I fleire år har eg lese barnebøker høgt for born ved leggetid. Eg har merka meg at mange bøker ikkje treff både høgtlesaren og barnet. Språket kan vera anten for tøysete eller for alvorleg, skildringane for platte eller for omstendelege, og humoren for barnsleg eller så skjult at barna ikkje skjønar noko. Det fins likevel Vaksenvennlege barnebøker

Tre tilrådingar!

Tre tilrådingar av Stein Arnold Hevrøy

Musikk: Endre Olsen Endre Olsen frå Stord fekk eit gjennombrot med plata Bøttevis med blått i 2018. Sjangermessig er det eit kupert, rocka landskap. Nokre av låtane får ein til å tenke mest på amerikansk singer/songwriter-tradisjon a la Steve Earle, mens andre ber om høgt volum og det gjerne mens du susar avgårde i ein Tre tilrådingar!

Høgt tempo i Minecraft-konkurranse

Byggverket til citylinus12 som vann konkurransen.

Måndag 1. mars braka det laus i Minecraft. 15 deltakarar konkurrerte om å bygga sin fantasi-vinterferie. Publikum kunne følgja med på Bibliogames sin eigen strøymekanal der to kommentatorar leia sendinga. Det var eit høgt tempo i bygginga, hytter, skøytebanar, bål og igloar spratt opp hos spelarane. Etter ein time med kreativ bygging blei deltakarane fjerna Høgt tempo i Minecraft-konkurranse

Gull frå magasinet: Torborg Nedreaas – Av måneskinn gror det ingenting (1947)

Teikning av Torborg Nedreaas

Det er mykje gull i magasinet på biblioteket, som husar verk og forfattarskap av eldre årgang. Brått vert ei bok eller ein forfattar igjen aktuell. Etter Hellemyrsfolket vart sett opp på Den Nationale Scene i 2015, med Herborg Kråkevik på og Gunnar Staalelsen bak scena, vart Amalie Skram sine bøker igjen populære for lånarar. Dei Gull frå magasinet: Torborg Nedreaas – Av måneskinn gror det ingenting (1947)

Avisteikning med May Linn Clement

May Linn Clement med Agnar Mykle si bok Sangen om den røde rubin (1956)

Bibliotekåret 2020 har vore prega av eit avgrensa tilbod for brukarane våre. For å bøta på ein manglande fysisk samlingsstad har me laga eit digitalt innslag frå biblioteket. Prosjektet vart støtta av Bibliotekutvikling Vestland slik at me fekk utstyr og moglegheit til å satsa digitalt. Saman med lokale May Linn Clement har me no laga Avisteikning med May Linn Clement