Aktuelt
Sigurd (9) om Sommarles
Vaksenvennlege barnebøker

I fleire år har eg lese barnebøker høgt for born ved leggetid. Eg har merka meg at mange bøker ikkje treff både høgtlesaren og barnet. Språket kan vera anten for tøysete eller for alvorleg, skildringane for platte eller for omstendelege, og humoren for barnsleg eller så skjult at barna ikkje skjønar noko. Det fins likevel … Vaksenvennlege barnebøker
Johan Tufteland – Hollendaren (1967)

Romanen Hollendaren av Johan Tufteland er ei kulturhistorisk skildring om Adrian, som er einaste overlevande i byen Veere då havet fløymer over dikene i Holland. Han mønstrar på ei skute som forliser utanfor Austevoll. Adrian klorar seg fast i skipsrattet og rek inn i Kyrkjevika på Stolmen kring år 1700. Her vert han funnen av … Johan Tufteland – Hollendaren (1967)
Tre tilrådingar!

Musikk: Endre Olsen Endre Olsen frå Stord fekk eit gjennombrot med plata Bøttevis med blått i 2018. Sjangermessig er det eit kupert, rocka landskap. Nokre av låtane får ein til å tenke mest på amerikansk singer/songwriter-tradisjon a la Steve Earle, mens andre ber om høgt volum og det gjerne mens du susar avgårde i ein … Tre tilrådingar!
3 grunnar til å lesa Forvandlinga av Franz Kafka

1. Ein stor klassikar på få sider. Forvandlinga frå 1915 er ein kjend klassikar skriven av ein blant dei mest vidgjetne og ikoniske forfattarane frå det førre hundreåret, sjølvaste Franz Kafka. Historia er vanvitig. Gregor Samsa vaknar ein dag i senga si og er forvandla til eit stort kakerlakk-liknande insekt. Samsa veit ikkje kva som … 3 grunnar til å lesa Forvandlinga av Franz Kafka
Høgt tempo i Minecraft-konkurranse

Måndag 1. mars braka det laus i Minecraft. 15 deltakarar konkurrerte om å bygga sin fantasi-vinterferie. Publikum kunne følgja med på Bibliogames sin eigen strøymekanal der to kommentatorar leia sendinga. Det var eit høgt tempo i bygginga, hytter, skøytebanar, bål og igloar spratt opp hos spelarane. Etter ein time med kreativ bygging blei deltakarane fjerna … Høgt tempo i Minecraft-konkurranse
Gull frå magasinet: Torborg Nedreaas – Av måneskinn gror det ingenting (1947)

Det er mykje gull i magasinet på biblioteket, som husar verk og forfattarskap av eldre årgang. Brått vert ei bok eller ein forfattar igjen aktuell. Etter Hellemyrsfolket vart sett opp på Den Nationale Scene i 2015, med Herborg Kråkevik på og Gunnar Staalelsen bak scena, vart Amalie Skram sine bøker igjen populære for lånarar. Dei … Gull frå magasinet: Torborg Nedreaas – Av måneskinn gror det ingenting (1947)
Avisteikning med May Linn Clement

Bibliotekåret 2020 har vore prega av eit avgrensa tilbod for brukarane våre. For å bøta på ein manglande fysisk samlingsstad har me laga eit digitalt innslag frå biblioteket. Prosjektet vart støtta av Bibliotekutvikling Vestland slik at me fekk utstyr og moglegheit til å satsa digitalt. Saman med lokale May Linn Clement har me no laga … Avisteikning med May Linn Clement
Sunnbibpodden: Podcastprosjekt med Sunnhordlandsforfattarar

Nytt spennande prosjekt der dei åtte biblioteka i Sunnhordland til no har publisert 5 litterære podkastar. Ytterlegare to podkastar er laga og vil bli publisert i november. «Heim til Sunnhordlandslitteraturen» er ei podkastserie på 7 episodar. Dei åtte biblioteka i Sunnhordland har laga si eiga podkast, kalla «Sunnbib-podden» med lokale forfattarar. Desse podkastane … Fortsett å lese Sunnbibpodden: Podcastprosjekt med Sunnhordlandsforfattarar
Digitale kjelder i lokalhistorisk arbeid

Interessert i å granske slekt eller lokalhistorie? Sverre Halleraker har forska i og skrive om lokalhistorie over fleire år. Her får du tipsa til kjelder han brukar og korleis han går fram for å jakte på innsikt i levekåra og enkeltskjebnane bak tala og skriftene. Innleiing Interessa for lokalhistorie og slektsgransking har auka sterkt dei … Fortsett å lese Digitale kjelder i lokalhistorisk arbeid