Aktuelt
«Størjefeber» på biblioteket
Storarta Hans Sande-kveld
Det strøymde på med folk som ville sjå Hans Sande på biblioteket torsdag kveld. Mange i publikum kjende Sande-familien då dei budde i Austevoll på 1960-talet, og fleire hadde også blitt konfirmert av presten Steinar Sande. Hans Sande tok seg tid til å fortelja historier frå denne tida, om kjærastar, vener og korleis foreldra hans … Storarta Hans Sande-kveld
Seniorsurf hausten 2022
Seniorsurf denne hausten starta 19. september på biblioteket. Tilbodet om datahjelp for seniorar på biblioteket held fram! Kvar veke kan eldre i kommunen samlast på biblioteket og få hjelp med den digitale kvardagen. På Seniorsurf vil ny teknologi, digitale tenester og elektroniske hjelpemidlar bli presentert på ein lettfatteleg måte. Ulike aktuelle tema vil takast opp, … Seniorsurf hausten 2022
Nye bemanna opningstider
Finn foto frå fortida
Super Sommarlesfest!
I år fekk vi besøk av Mari Moen Holsve, som er forfattaren av historiene om Astrid og Asbjørn. Elles var det quiz for ungane, og kvelden vart avrunda med utlodding av bokpremiar og utdeling av is til alle. I skrivande stund har 221 barn i Austevoll lese 3.375 bøker med totalt 301383 sider. Dette er … Super Sommarlesfest!
Boktips: Anton Tsjekhov – Dama med hunden og andre forteljingar (2020)
Lita tid til å lesa stor litteratur? I Anton Tsjekhov si Dama med hunden og andre forteljingar, får du mykje god litteratur på ein gong. Boka er inneheld seks forteljingar skrive på 1890-talet, og kvart stykke er som ein roman i seg sjølv. Bli kjend med skjebnar i bondestanden og på sinnssjukehusa, og fylg livet … Boktips: Anton Tsjekhov – Dama med hunden og andre forteljingar (2020)
Lokal litteratur på nettet
Bibliografiane på https://www.Lokalhistoriewiki.no har si eiga forside: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Forside:Bibliografi. Her finn ein mellom mykje anna oversikter over litteratur om Austevoll kommune og emne som har tilknyting til kommunen. Nedanfor er fire bibliografiar tekne med. 1.Bibliografi: Austevoll, https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Bibliografi:Austevoll_kommune, er delt inn i 40 ulike emne med eit samla tal på 350 bøker, artiklar frå tidsskrift og aviser, … Lokal litteratur på nettet
Lesedigg
Lokal interesse for lokal litteratur: Draumen om ein flat åker
Det var eit bra oppmøte på forfattertreffet med Leif Erik Otterå som presenterte og las frå boka Draumen om ein flat åker. Otterå fortalde om slektsband til romanfiguren Martinus og om gravearbeidet han gjorde for å finna ut om hendingane som utgjer ramma for romanen. Men sjølv om mykje i boka er basert på odelsguten … Lokal interesse for lokal litteratur: Draumen om ein flat åker






